Jarle Midtun er fødd i 1967 og har fleire separatutstillingar bak seg,
mellom anna på Voss (Voss kunstlag), Stord (Stord kunstlag),
Haugesund (Galleri Amanda). Har også gjeve ut boka “Bilete som
ingen før har sett” på Det Norske Samlaget og fekk Samlagets
jubileumspris i 1993.
Teknikkane han nyttar seg av er mange, men hovudvekta av bileta er
oljemåleri og grafiske trykk (etsningar).

“Som biletmakar har eg ingen dogmer å halda meg til. Bileta mine skal
få oppstå utan at det skal vera begrensande faktorar som kan hemma
uttrykket. Det er motivet som er det viktige, ikkje teknikk, format eller
medium. For meg er det viktigast å vera allsidig for å kunne skape det
biletet eg ynskjer.

Frå røyndomen eller tankeverda prøver eg å fange stemningar eller
augneblinkar som lyfter seg frå det vanlege og får ein til å stoppe opp
og sjå; fordi det er vakkert, fordi det er underleg eller fordi det nører
opp under nye tankar.

Det er ambisiøst og vanskeleg. Men, rett som det er får eg det til, og det
er dette som er det magiske, det er dette som driv meg som biletmakar,
og det er dette eg har lyst å visa til deg.”